Se pressemelding fra Ryfastløpet:
7500 får springa Ryfastløpet – og fleire gode hjelparar bidrar
Ryfastløpet halvmaraton utvidar kapasiteten. Samtidig blir tre gode støttespelarar med og drar lasset grundig.
Det var den eine gladsaka etter den andre som blei presentert utanfor Ryfylketunnelen på Solbakk i Strand fredag føremiddag.
– Me har sagt at me kan klara 7500 løparar på halvmaraton. Etter vurderingar i lag med mellom anna vegvesenet, idrettslaga og Kolumbus meiner me at me skal handtera så mange deltakarar, fortel løpssjef Beate Jåsund i Midtbygdens IL (MIL).
Faktum er at deltakartaket blir sett til 7000, men at det blir rom for ytterlegare 500 løparar frå sponsorar, bedrifter og inviterte gjestar.
– Me har også fått ekstra drahjelp til å tenkja stort ettersom Lyse, Stangeland Maskin og Ryfylke Trelast nå går inn som våre store sponsorar, fortel marknadsansvarleg Rune Harestad frå Staal Jørpeland IL. Staal og MIL er hovudarrangørar av løpet.
Solide medspelarar
Lyse går inn som generalsponsor, eller eliteløpar som arrangøren kallar selskapet. Stangeland Maskin og Ryfylke Trelast er toppløparar, eller storsponsorar om ein vil.
– Lyse ønskjer å vera ein sentral lagspelar i regionen. Konseptet er unikt og engasjerer innbyggjarane stort. Så me trengte ikkje tenkja oss om to gonger for å bli med på Ryfastløpet. Trass alt er det jo infrastruktur Lyse held på med, og det passar godt til eit tunnelløp som knyter eigarkommunane våre endå tettare saman, smiler sponsoransvarleg Cathrine Suttie i Lyse.
– Me i Ryfylke Trelast ser fram til at Ryfasttunnelane opnar. Då ideen om løpet kom opp, var det heilt naturleg å visa interesse. Me byggjer folk sine draumar, og nå er draumen om Ryfylke nærare enn nokon gong, meiner dagleg leiar Gunnar Amdal i Ryfylke Trelast.
Kari Synnøve Vigre er informasjons- og samfunnskontakt i Stangeland Maskin. Ho gler seg også til å vera med å fronta Ryfastløpet:
– Me har jobba med Eiganestunnelen sidan 2014. Derfor er det ekstra gildt og naturleg for oss å vera med på Ryfastløpet. For oss i Stangeland Maskin er det viktig at Ryfastløpet er for alle, både små og store, samt at det blir ein folkefest i Ryfylke og Stavanger. Me jobbar både i Ryfylke og på Nord-Jæren, og då er det naturleg å vera med på denne løpsfesten.
Fakta om påmelding
Med utviding av løpartal og viktige samarbeidspartnarar på plass, er det all grunn til å melda seg på vidare.
– Førstkomande måndag, 28. januar kl. 12.00 opnar me igjen opp for siste påmeldingsrunde for halvmaraton. Men, hugs at du kan melda på til barneløp og to rulleskirenn heile vegen. Her er det god, god plass endå, understrekar Beate Jåsund i MIL.